Deltok i fjelløpet Melen Opp

Hege Ringdal vann si klasse og vart tredje best totalt mellom damer i Melen Opp.

Hege Ringdal vann si klasse og vart tredje best totalt mellom damer i Melen Opp.

Sunnylven IL stilte med to deltakerar i fjelløpet Melen Opp som vart arrangert i Fræna. Det vart klassesiger og andre plass.

Hege Ringdal og Kasper Ringdal, begge Sunnylven IL deltok i fjelløpet Melen Opp i Fræna søndag 14. august. Begge sprang i klasse 12-19 år der Hege vant si klasse og vart nummer tre totalt av alle kvinner. Kasper vart nummer to i sin klasse.

Det var fine forhold under løpet med litt skodde på toppen då dei fyrste gjekk i mål, men den letta etter kvart.

Melen Opp var det 4. av 6. løp i Sparebanken Møre sin motbakkecup. Løpet var ca. 6,5 km lang og med 769 høgdemeter. Starten var på Bryn stadion og målgang på toppen av fjellet Melen.

Kasper Ringdal på veg mot toppen av Melen Opp og andre plass i si klasse.

Kasper Ringdal på veg mot toppen av Melen Opp og andre plass i si klasse.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380