Ekstra innsamling av jarnavfall i Sunnylven

Landbruket er storleverandør av metall til gjenvinning. Her går gamal gjerdenetting i konteinaren.
Landbruket er storleverandør av metall til gjenvinning. Her går gamal gjerdenetting i konteinaren.

Stranda Gjenvinning & Transport vil tilby ein ekstra dag for innsamling av utrangerte jarnprodukt i Sunnylven.

Under dei årlege grovinnsamlingane som Stranda Gjenvinning & Transport har hatt i Sunnylven saman med renovasjonsselskapet Årim, har mengda av jarnprodukt vore stor. Landbruket i bygda har vore ein «storleverandør» av både utrangerte reiskap og andre ting av metall.

For å lette på trykket desse innsamlingsdagane planlegg Stranda Gjenvinning & Transport å ha ein ekstra innsamlingsdag i Sunnylven i haust. Då stiller dei med ein konteinar og ei maskin for opplessing og pressing. Dato for innsamlinga er ikkje endeleg bestemt enno, men truleg blir det ein dag i løpet av september, seier Arnstein Sve i selskapet.

Nærare opplysningar om stad for innsamlinga og dag / dato kjem hellesylt.info med seinare.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.