Eventyret held fram

Eventyrboka for jentelaget har fleire sider. Dei er klare for kamp om kvartfinale i B-sluttspelet i Norway cup.

Eventyrboka for jentelaget har fleire sider. Dei er klare for kamp om kvartfinale i B-sluttspelet i Norway cup.

Eventyrboka for Sunnylven sitt jentelag i Norway cup er ikkje utlest. I dag vann dei 1-0 over FK Sykkylven og er vidare til 1/4 B-finale.

Det var Sunnmørs-duell om retten til kvartfinaleplass i B-sluttspelet for jenter 7-ar lag. Der møtte Sunnylven nabolaget heimanfra FK Sykkylven og

vann 1-0 etter skåring av Olene Lade. Jamn og tett kamp med mange harde duellar. Ein slitesiger for Sunnylven-jentene som også fekk skadar som

gjprde at laget ikkje hadde spelarar å byte inn på slutten, får vi meldt frå kampen. Men sigeren sikra nye sider i eventyrboka frå Norway cup. Ørsta er truleg motstandar i kvartfinale torsdag.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380