Lokalnytt

Fanga stamlaks i august

I vass-tankane til høgre på biletet skal stamlaksen gå til ut i oktober.
I vass-tanken til høgre på biletet skal stamlaksen gå til ut i oktober.

Laurdag fanga Korsbrekkeelva elveeigarlag dei fyrste stamlaksane i Steimshølen. Seinare blir det nye forsøk med kastenota.

Det vart ni ho-fiskar og ein hann-fisk då elveeigarar og andre ivrige sportsfiskarar gjorde dei fyrste forsøk med kastenot på å hente opp stamlaks i Steimshølen i Korsbrekkeelva laurdag. Leiar i elveeigarlaget, Glenn Wernersen var nøgd med resultatet etter det eine kastet.

Og det var ikkje for å unngå å fryse så gale på nevane at dei kasta etter stamlaksen i sol og sommarver i august. Vanleg vis har dette arbeidet blitt gjort i september og oktober.

-Nei, vi vil sikre oss avl av fisk som går tidleg opp i elva. Det er mykje fisk i sjøen, men mindre har gått opp i elva i år enn tidlegare. No fekk vi fine fiskar på mellom fem og åtte kilo, fiskar som vart frakta over til store vass-tankar der dei skal gå i to månader. Då er dei er klare for stryking og ein ny generasjon laksebarn skal vekse fram i klekkeriet i Husøyna, seier Wernersen.

Tek stamlaks tidleg

Det har blitt meir vanleg enn tidlegare å hente opp stamlaks i fiskesesongen. I Ørsta blir stamlaks henta opp i juli, fortel Frank Bakkom, ein av mange ivrige sportsfiskarar i Korsbrekkeelva. -Men stamlaksen i vasskara må passast på slik at tilgangen av rennande vatn er stabil. Det er nærmast ein vaktmeisterjobb det, seier Bakkom.

Nye kast etter fiskeslutt

Til arbeidet med å få fram nye 100.000 yngel trengs det meir stamlaks enn dei som vart tekne opp laurdag. Elveeigarar og andre gode hjelparar skal gjere fleire kast seinare, men det blir ikkje før etter fiskesesongen er slutt 31. august, seier Wernersen.

Fiskesesongen i Korsbrekkeelva meiner han har vore ein middels sesong i antall fisk på land. Heller ikkje den store «ruggen» er fiska så langt, men eit par på mellom ti og elleve kilo er likevel bra. Og så er det ikkje heilt slutt på sesongen enno heller, legg leiaren i elveeigarlaget til.

Arne Korsbrekke (midt på bildet) har flest timar av alle i kultiveringsarbeidet i Korsbrekkeelva. Her blir ein flott hann-laks fanga inn i 2015. Glenn Wernersen til venstre og Frank Bakkom. (Bilete frå arkivet)
Arne Korsbrekke (midt på bildet) har flest timar av alle i kultiveringsarbeidet i Korsbrekkeelva. Her blir ein flott hann-laks fanga inn i 2015 saman med Glenn Wernersen til venstre og Frank Bakkom. (Bilete frå arkivet)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

2 thoughts on “Fanga stamlaks i august

  • Wow, fantastic weblog structure! How lengthy have you been running a blog for?
    you made blogging look easy. The entire glance of your website
    is magnificent, let alone the content material!
    You can see similar here sklep internetowy

    Svar
  • Somebody necessarily lend a hand to make seriously posts I might state. That is the first time I frequented your website page and to this point? I amazed with the research you made to make this particular post extraordinary. Great activity!

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *