Fest for Flofjellvegen
Flofjellvegen har med støtte frå Miljødirektoratet fått ei betydeleg standardheving. Vegen har status som «statleg sikra friluftsområde».
Etter søknad fekk Flofjellvegen 441.000.- kroner til utbedringstiltak. I løpet av året har det blitt ny stor parkeringsplass, sanitæranlegg med toalett, informasjonstavle og opprusting av vegen med nye grindar.
I høve dei utførte arbeida inviterer Stranda kommune til opningsfest søndag 11. september. Oppmøte er på parkeringsplassen ved Vollset, 570 meter aust for siste gardstun.
-Dette er ein folkefest for Sunnylvsbygda og nærområdet. Arrangementet vert ope. Det vert enkel servering og orientering om prosjektet med helsingar frå dei spesielt inviterte gjestane, skriv næringssjef i Stranda, Inge Bjørdal i ei pressemelding.
Programmet søndag 11. september er;
1245-1300 Oppmøte, Vollset. Servering
1300-1330 Orientering om prosjekt og prosjektgjennomføring.
v/næringssjef Inge Bjørdal
1330-1345 Opning/avduking og snorklipping
v/fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde
1345-1415 Innlegg med taletid maks. 3 min
Repr. for grunneigarane
Jan Ove Tryggestad og/eller Åse Elin Hole. Ordførar/rådmann, Stranda kommune
Ole Helge Haugen. Fylkesplansjef
Sven Flo. Ordførar, Stryn kommune
Repr. for Sunnmøre Friluftsråd
Ingbjørn Bredeli. Forum for natur og friluftsliv (FNF), Møre og Romsdal
Merete Løvoll Rønneberg. Formidlingsleiar naturarv / kulturarv, Norsk Fjordsenter
Jostein Dalen. Leiar HOK, Stranda kommune.
1415 Vandring langs stien for dei som ønskjer det
Gratis servering (kaffi, bollar, pølser)
Alle foto: Sigmund Alme