Flofjellstemne fekk godt ver

Til saman 28 unge og eldre var samla på den faste staden til Flofjellstemne søndag

Til saman 28 unge og eldre var samla på den faste staden til Flofjellstemne søndag

Årets Flofjellstemne samla 28 store og små på den tradisjonelle stemnestaden oppe på Flofjellet. Eivind Nilsen heldt preika.

I år var frammøtet klart best frå Nordfjord under årets Flofjellstemne som vart arrangert søndag 14. august. Frå Sunnmørssida kom seks personar, resten 22 i talet kom opp frå Flo. Men samlinga vart som vanleg ei hyggeleg stund i godt sommarver i det naturskapte amfiet. Stemnet på Flofjellet går på omgang mellom kyrkjesokna og i år var det Stryn sin tur.

Etter eit år som feltprest i det militære ved Håkonsvern i Bergen er Eivind Nilsen tilbake i sin faste jobb som lærar ved Vereide Folkehøgskule i Nordfjord. Han har også vikariert som kateket i Stryn og Hornindal. At det vart han som heldt preika under Flofjellstemne skuldast at presten i Stryn hadde ferie. Og jobben skjøtta Nilsen på ein god måte. God og klar røyst og godt reflektert innhald i ei preike til ettertanke.

Flofjellstemnet opna med salmen «Måne og sol, vindar og hav» før Marie Johanne Folven las teksta for dagen frå Joh. 15 verd 13-17. Det handla om å gjere alt for vener og elske kvarandre.

Eivind Nilsen hadde lese seg opp om Flofjellet og stemnet her, og også om Flofjellvegen si historie, samferdselsåra som har knytt Nordfjord og Sunnmøre saman langt tilbake i tid. Vegen som forfedrane bygde gjorde at det skulle bli lettare for oss som kom seinare, sa Nilsen og knytte biletet opp mot Jesus som også opna ein veg med å gje sitt liv.

Årets Flofjellstemnet vart avslutta med fedrelandssalmen «Fagert er landet» før termos og nistepakkar vart leita fram.

Eivind Nilsen er lærar ved Nordfjord Folkehøgskule, men gjer også teneste som prest. Ein dyktig pedagog.

Eivind Nilsen er lærar ved Nordfjord Folkehøgskule, men gjer også teneste som prest. Ein dyktig pedagog.

Preike 3

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380