Flofjellstemne søndag.

Søndag 14. august er det Flofjellstemne. Samlinga tek til klokka 12.00.

Søndag 14. august er det Flofjellstemne. Samlinga tek til klokka 12.00.

I morgon søndag 14. august set kyrkjefolk frå Stryn og Sunnylven kvarandre stemne på Flofjellet. Der blir det gudsteneste ved Eivind Nilsen.

Før 1940 var samlingar på Flofjellet årvisse, men i åra fram til midt på 70-talet låg det nede. No har sommartreffet mellom folk frå Stryn og Sunnylven, men også andre blitt årvisse.

Å leie samlinga og gudstenesta går på omgang mellom kyrkjesokna. Søndag er det Eivind Nilsen, utdanna prest og tilsett ved Nordfjord Folkehøgskule som held preika på den faste staden oppe på fjellet. Det naturskapte amfiet om lag der elva Smådøla kjem ned har vore fast samlingsplass for preike, song, kaffistund og hyggeleg prat mellom grannefolk.

Frå Hellesylt til Flofjellet er det om lag to mil. Turen til fots frå Vollset tek 90 minutt i vanleg gange.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380