Herd2 vann mot Stranda/Sunnylven

To lagkapteinar, Anniken Hjellbakk Hole, Stranda/Sunnylven og Emma Madsen, Herd2 foretek målval saman med domar Mevludin Ribic, VRF.

To lagkapteinar, Anniken Hjellbakk Hole, Stranda/Sunnylven til venstre og Emma Madsen, Herd2 foretek målval saman med domar Mevludin Ribic, VRF.

Herd2 stakk av med alle poenga etter siger 6-2 over Stranda/Sunnylven på Hellesylt stadion onsdag.

Eit ungt Herd2 vann fortent mot Stranda/Sunnylven då haustsesongen i 3. divisjon damer vart sparka i gong på eit kjøleg og vått Hellesylt stadion onsdag. Det vart to skåringar i fyrste omgang og fire i andre før heimelaget reduserte to gonger.

Herd2 opna best og med litt hell kunne laget fått tidlege skåringar. Men etter kvart kom Stranda/Sunnylven meir med og halvvegs i omgangen måtte by-laget sin keeper ut i full strekk for å avverge. Og like etter susa ballen like utanfor stolpen til gjestane.

I heimelaget sin beste spelemessige periode kom baklengsmåla. 1-0 etter mølje framfor mål etter hjørnespark, og 2-0 til Herd2 eitt minutt før kvilen.

Mange mål i andre

Andre omgang starta på verst tenkjelege måte for heimelaget. Omgangen var berre minuttet gamal då det stod 3-0 og like etter 4-0. Etter timen fekk Stranda/Sunnylven sitt fyrste hjørnespark som vart resultatlaust, men i staden kontra Herd2 og donka inn 5-0. Seinare kom 6-0 før Stranda/Sunnylven reduserte to gonger ved Sara Røyr og Andrea Lie Kirkhorn.

Herd2 var eit ungt, godt lag og fekk revansj for 0-1 tapet i vår mot dei raude/blå. Laget hadde både teknisk gode og mange kvikke spelarar som fann kvarandre. Også Stranda/Sunnylven var i periodar godt med, men var litt meir forsiktige i duellane og ikkje like presise som motstandaren. Best på heimelaget denne gongen var Eline Langlo.

Domar Mevludin Ribic, VRF leia kampen godt og utan tilsnakk og bruk av kort.

Herd2 ligg på 5. plass på tabellen med 13 poeng, tre mindre enn leiarlaget FK Sykkylven og med ein kamp mindre spela. Stranda/Sunnylven har 6. poeng så langt. Det blir nok fleire.

Storskårar frå Norway cup, Olene Lade i blått og rødt kjempa godt, men kom ikkje på skåringslista i kampen mot Herd2..

Storskårar frå Norway cup, Olene Lade i blått og rødt kjempa godt, men kom ikkje på skåringslista i kampen mot Herd2.

Damer 3

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380