Ikkje endringar ved Øcal pizzabar

Det blir ikkje utleige av Øcal Pizzabar med det fyrste. Det stadfestar Ramazan Øcal.
Øcal kafe på Hellesylt med mellom anna fleire populære pizzavariantar, har vore aventert for utleige frå 1. september i år. Så langt har det ikkje dukka opp leigetakarar som noverande drivar, Ramazan Øcal har inngått leigeavtale med. Det bekreftar han overfor hellesylt.info.
Mellom interesserte leigarar var ein pakistansk, to frå Tyrkia og ein norsk søkjar. Det blir såleis framleis Øcal-pizza å få kjøpt også framover hausten, og truleg også juletallerken om ikkje andre leigeinteresserte dukkar opp, seier Tahir Øcal. Han starta opp kafedrifta ved Hellesyltfossen for 17 sesongar sidan og ynskjer at eventuelle leigetakarar skal føre vidare det gode ryktet pizzabaren har opparbeid.
Årets sesong har så langt vore på det jamne, ein normalt god sesong, seier Øcal.