Jentelaget til semifinalen
Ørsta fekk stryk 2 – 1 då dei møtte Sunnylven i Norway cup torsdag morgon. Sluttresultatet var også stillinga ved pause.
Ørsta tok ei tidleg leiinga, men Sunnylvsjentene spela stort og kjempa seg inn i kampen igjen. Og det var Olene Lade som nok ein gong starta vegen mot semifinale med utlikningsmål. Ein fin enkeltprestasjon.
Ørsta pressa hardt på for ny leiing, men i staden var det Maria Langeland som donka inn sigersmålet for Sunnylven. Den leiinga heldt laget heilt til siste sekund og vann.
hellesylt.info gratulerer jenter og lagleiing med strålande turnering så langt.
No møter Sunnylven Tertnes IL frå Bergen i semifinalen kl 14.45 på Abelsø seinare i dag.