Lokalnytt

Kunstsenter dagleg ope ut august

Frå 1. september blir det reduserte opningstider ved Peer Gynt galleriet på Hellesylt.
Frå 1. september blir det reduserte opningstider ved Peer Gynt galleriet på Hellesylt.

Peer Gynt galleriet på Hellesylt har dagleg ope ut august. Men potetball og søndagsmiddag blir å få kjøpt også seinare.

Peer Gynt galleriet på Hellesylt har hatt positiv utvikling i besøkstala så langt i år, men no nermar det seg slutten på dagleg ope denne sesongen. Etter 1. september blir det berre torsdag og søndag som blir faste opningsdagar i veka, men verksemda tek mot tinging av arrangement også utanom desse dagane.

Potetball

Den faste potetballdagen på torsdagar har vist seg svært populær. Difor blir det høve til å kjøpe potetballmiddagar også kvar torsdag i september, og om besøkstala held seg vil desse trauste måltida halde fram på torsdagar også utover i andre haustmånaden, får vi opplyst. Det same gjeld for søndagsope.

Ved Peer Gynt galleriet er det tinga fleire kulturarrangement og andre tilstellingar ut over hausten. Ordreboka fyllest opp får vi opplyst, så om nokon ønskjer å ha arrangement mellom flotte trerelieff i trivelege lokale, er det lurt å ta kontakt med leiinga snarast på tlf. 950 13 170.

hellesylt.info kjem tilbake med omtale av fleire arrangement ved Peer Gynt galleriet

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380