Landa trygt etter testflyging

Her blir testflygar frakta opp til toppen av Helsetkopen med Jetman-drakta av helikopter.

Her blir testflygar frakta opp til toppen av Helsetkopen med Jetman-drakta av helikopter.

Onsdag var det ny testflyging med Jetman i Sunnylvsbygda. Dagens to fyrste vart gjennomført utan vanskar.

I snart ei veke har prosjekt Jetman jobba og utført testflyging i Sunnylven med ei spesiell jetdriva drakt. Helset og Helsetkopen er base og arena for flygingane.

Filming og prøveflyging med den motoriserte drakta kom i gong sist søndag. Flygingane skulle halde fram måndag, men vart hindra grunna verforholda. Også på tysdag var det verhindring, men onsdag fekk mange skodelystne oppleve fleire rundar av to franske testflygarar med Jetman i luftrommet over Sunnylvsbygda. Etter nokre minutt var det landing, trygt med fallskjerm.

Kontaktmann for Prosjekt Jetman i Norge, Tom Erik Heimen stadfestar i ei melding til hellesylt.info at alt har gått svært bra så langt. -Vi er veldig fornøgde så langt. De har hatt utrolige og flotte flyveturer fra helikopter og nå fra Helsetkopen, skriv Heimen i meldinga mellom anna.

hellesylt.info kjem med fleire detaljar kring Prosjekt Jetman når testflyging og filming er gjort unna.

Jetman passerte startrampe og filmfolka på Helsetkopen fleire gonger under flyginga onsdag.

Jetman passerte startrampe og filmfolka på Helsetkopen fleire gonger under flyginga onsdag.

Tid for landing på basen ved tunet til Martin Janssen

Tid for landing på basen ved tunet til Martin Janssen

Flyging B

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380