Målrike kampar på Hellesylt stadion

Tysdag 23. august spela G11 og J13 kampar på Hellesylt stadion. Begge laga vann stort.
Fotballsesongen er i gong igjen etter sommarferien og Sunnylven IL sine aldersbestemte lag har spela dei fyrste haustkampane, både borte og på heimebane.
Tysdag 23. august vart to kampar spela på Hellesylt stadion. G11-laget var i aksjon mot Sykkylven IL og det vart eit målrikt oppgjør. Sunnylven vann heile 18 – 5, nesten som eit handballresultat.
J13 møtte Ørsta på same bane. Også i den kampen vart det mange mål og siger til Sunnylven 10 – 4.
Neste kamp for kjappingane på G11 er i følgje terminlista borte mot FK Sykkylven tysdag 30. august på Hundeidvik stadion.
J13 skal spele på Skodje kunstgras mot Skodje torsdag 1. september.