Mange cruisebåtar tysdag
På nest siste dag i august kjem heile fire cruisebåtar på besøk til Geiranger. Tre av dei er også innom Hellesylt.
Vermeldinga lovar ikkje godt ver på tysdag 30. august, men like fullt kjem det fire store cruiseskip til Hellesylt og Geiranger. Den aller største, Celebrity Eclipse har i følgje cruiselista 2850 passasjerar om bord og besøkjer berre Geiranger enne gongen. Der blir det 317 meter lange skipet liggande frå 11.00 til 20.00.
Til Hellesylt kjem fyrst Costa neoRomantica med 1670 passasjerar mellom klokka 08.00 til 09.00. Så kjem Horizon med 1752 passasjerar og legg seg til Hellesylt kai frå 10.30 til 12.30. Til sist kjem Hamburg til Hellesylt mellom kl. 14.00 og 17.00 med 426 passasjerar. Etter Hellesylt går alle tre til Geiranger.
På siste dag i august er to båtar venta, MSC Opera til Hellesylt og Geiranger, og Magelian til Geiranger, alt i følgje cruiselista til Stranda Hamnevesen.