Miniturnering for Jentelag

Søndag var Stranda Fotball arrangør av miniturnering i fotball for Jenter 2009. I alt åtte lag deltok.
Stranda Fotball var dyktig arrangør av miniturnering for Jenter 2009, -5ar-lag. Ørskog, Sykkylven, Valldal, Herd, Sunnylven, FK Sykkylven, Stranda Rød og Stranda Blå deltok i turneringa på Mona stadion som viste seg fram i fint og varmt sommarver.
Før kampstart var det innmarsj og presentasjon av alle lag og spelarar. Sunnylven sitt jentelag spela tre kampar, mot FK Sykkylven, Stranda Blå og Stranda Rød. Det vart ein siger og to kampar som enda uavgjort der laget til saman skåra åtte mål og slepte inn eitt mindre. Det vart masse jubel og skryt for innsatsen, også frå trenar Petrin Langeland under samlinga etter siste kamp.
Ei miniturnering under fine forhold og flott arrangert av Stranda Fotball.