Sommarquiz på Peer Gynt Galleriet 12 august

Peer Gynt Galleriet inviterar til sommarquiz i dag fredag 12 august. Quizen startar kl 20.00, og quizmaster blir som vanleg Arild Ringdal. Han vil då teste deltakarane i spørsmål frå vår nære historie, samt i generell kunnskap innan musikk, geografi, sport og historie. Så det skal vere noko for ein kvar smak.
Inngangspengar er 100 kroner pr deltakar, og premien til beste lag er 1000 kroner. På kvart lag kan det vere maks 6 personar, og det er ikkje førehandspåmelding.
Her er det berre å møte opp og teste kunnskapen!
Very interesting details you have observed, regards for posting.Raise blog range