Pensjonistar invitert på potetball

Potetball[1]

Det blir «Ballj» på medlemane i Sunnylven Pensjonistlag om dei møter på Hægstad torsdag 1. september.

Eit nytt festmåltid i Sunnylven Pensjonistlag nermar seg. Fyrste torsdag i september blir det servert tradisjonsrik mat, nemleg potetball med alt anna godt tilbehør i Peer Gynt Galleriet på Hellesylt. I fjor var pensjonistane samla til både potetball og fårikålmiddag i galleriet med over femti til bords mellom fantastiske trerelieff, og leiar i Pensjonistlaget, Astrid Langeland håper på like god oppslutning denne gongen.

Alle som vil på potetballdag på Hægstad må melde seg på innan 28. august til; Odd Jostein Bjørdal, mob. 957 52 330, eller Astrid Langeland, mob. 906 75 234. Sjå aktivitetskalendar.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380