LokalnyttLokalsport

Rauk ut mot Tertnes

Sjølv om detvart tap mot Tertnes bør jentene leite fram stasklærne igjen og feire ei flott Norway cup-turnering. Her frå eit besøk på operataket tidlegare i veka.
Sjølv om det vart tap mot Tertnes bør jentene leite fram stasklærne igjen og feire ei flott Norway cup-turnering. Her frå eit besøk på operataket tidlegare i veka.

Sunnylven sitt jentelag tapte 1-3 mot Bergens-laget Tertnes i kampen om B-finalespel i Norway cup.

-Vi tapte mot eit betre lag der pauseresultatet var 2-1. Vi hadde fleire sjansar til å skåre fleire mål enn Olene sitt eine i kampen, men i dag trilla ikkje bakken «vår veg». Litt skuffa jenter med det same, det er ein naturleg reaksjon like etterpå. Men når vi får summe oss er nok både jentene og vi kjempefornøgde med plasseringa, er kommentaren frå trenar Knut Dag Langeland.

Plasseringa vart delt tredjeplass i B-sluttspelet for jenter 15/16 år av over 90 lag , og om premieringa er som tidlegare kjem dei heim med pokal.

SISTE:

Vi får opplyst at det vart ingen pokal på Sunnylven sitt jentelag, men eit flott sommarminne tek dei nok med heim frå Norway cup.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380