Lokalnytt

Siste jobbdag for Bolsøy-billettørar

I heile sommar har desse tre jobba for at fleire turistar enn nokon gong skulle få ta ferjeturen på den vakre Verdsarvfjorden mellom Hellesylt og Geiranger. Frå venstre Øyvind Eresvik, Linn Marthe Myklebust Parr, Broder Bøe.
I heile sommar har desse tre jobba for at fleire turistar enn nokon gong skulle få ta ferjeturen på den vakre Verdsarvfjorden mellom Hellesylt og Geiranger. Frå venstre Øyvind Eresvik, Linn Marthe Myklebust Parr, Broder Bøe.

Øyvind Eresvik og Broder Bøe hadde sin siste dag som billettørar på turistferja Bolsøy tysdag. No skal dei fyre i omnen, reise til syden eller gå fjellturar.

I over 20 år har Øyvind Eresvik og Broder Bøe trafikkert mellom Hellesylt og Geiranger med turistferje. Og dobbelt så lenge har karane frå Kristiansund vore i Fjord 1-selskapet, men no er det slutt forsikrar dei to. Det har vore både avvekslande og triveleg, men sertifikat som skal til for å gjere jobben går no ut.

Pensjonistar

-The Fjords har sagt at dei vil betale for kursing og nye papir, men då må vi binde oss for fire nye år og det er litt lenge. Vi vil vere pensjonistar no, seier Eresvik. Så etter august er det mannskap frå Veøy, den andre turistferja som skal overta billetteringsjobben på Bolsøy. Veøy som har gått på Verdsarvfjorden frå 1. juni sluttar siste august. Då blir det berre Bolsøy som skal «pløgje» fjorden mellom Hellesylt og Geiranger. I år er sesongen utvida til ut oktober.

Kjende opplevingar

Det har vore god auke i trafikken denne sesongen, heile 20 prosent. Det var overraskande, men gledeleg tykkjer Broder Bøe. Prisane vart sett kraftig opp i fjor og alle venta at når det vart godt kjent, ville kanskje trafikken minke. Men slik har det ikkje gått, det har i staden blitt enkelte dagar med ekstraturar for dei to ferjene.

-Dei reisande betaler ikkje berre for ferjeturen, men for opplevinga, har dagleg leiar i The Fjords Rolf Sandvik sagt. Det er ikkje alle samde i, enkelte og spesielt sunnmøringar og svenskar har klaga på høge prisar. Sunnmøringane har sett fjorden før seier dei og meiner dei bør sleppe å betale for opplevinga, fortel Bøe. Og Erevik fortel om ei episode der han møte ein svært så rasande turist.

Vart truga med bank

-Det kom to bilar i følgje og den fyrste skulle betale for to cruisepakkar, billett for bilar med passasjerar. Det vart til saman 1960.- kroner, sa eg. Då spratt bildøra opp og ut kom sjåføren med sving på høgrehanda og gav klar beskjed.-Trur du eg betalar det! – Det var like før eg fekk eit skikkeleg svingslag. Slapp av eg gjer berre jobben min, fekk eg sagt før det vart ein u-sving og begge bilane forsvann. Øyvind Eresvik smiler godt av episoda, ei av fleire om enn ikkje mange så oppheita.

Sommarjobb slutt

Under praten vår på kaia på Hellesylt kom Linn Marthe, jenta som har styrt ferjekøa på Hellesylt i heile sommar. Også ho sluttar i sommarjobben sin no og hadde vore om bord og helsa på andre av mannskapet. Ei svele og ein kopp kakao fekk ho med på land igjen. Linn Marthe som snart blir å treffe på Nille i Ørsta City, hadde gjort ein god jobb og var godt likt av dei to billettørane. –Ho er den flinkaste jenta nokon gong til å dirigere ferjekøa på Hellesylt, slo Øyvind Eresvik og Broder Bøe fast.

I over 20 år har Øyvind Eresvik til venstre og Broder Bøe passa på at bommen på kaia på Hellesylt var open for ferjeturistane. No skal andre ta over jobben.
I over 20 år har Øyvind Eresvik til venstre og Broder Bøe passa på at bommen på kaia på Hellesylt var open for ferjeturistane. No skal andre ta over jobben.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *