Lokalnytt

Standardheving av turveg blir markert

Like framon gardane på Vollset er det kome ny, stor parkeringsplass og eit sanitæranlegg med toalett.
Like framom gardane på Vollset er det kome ny, stor parkeringsplass og eit sanitæranlegg med toalett.

Det populære utfartsområdet frå Vollset mot Flofjellet er blitt mykje opprusta i år. Standardhevinga vil bli markert ein gong i haust.

Gjennom tilskot frå Direktoratet for Naturforvaltning har Flofjellvegen i Stranda kommune blitt rusta opp. Parkeringsplassen like forbi Vollset er utvida og har no plass til rundt 30 bilar. Vegen vidare er delevis grusa opp, stikkrenner er blitt utbetra og nye grindar som stengsle for bufeet er på plass. Det har blitt ein brukarvenleg veg for både fastbuande og cruiseturistar , syklande og naturnytarar med barnevogn.

Og ikkje minst, der er kome fasilitetar for trengande. Ved parkeringsplassen er det sett opp eit nytt sanitæranlegg med Jet vakuumtoalett, drifta av energi frå solcelle og batteri.

To nye grindar av aluminium med enkel opne -og lukkepatent er på plass.
To nye grindar av aluminium med enkel opne -og lukkepatent er på plass.

Markering tidleg haust

Alle desse arbeida er utført i 2016 for eit tilskot frå Direktoratet for Naturforvaltning på 441.000.- kroner har næringssjef i Stranda, Inge Bjørdal opplyst. Han har jobba fram planar og søknader for tiltaket, eit arbeid som svært mange vil ha glede av.

Næringssjefen synest opprustinga fortener ei lita offisiell markering. –Det kan vere aktuelt å invitere også folk frå fylket til ei slik markering. Vi har fått tilbakemelding på at det er gode og vitige ting som er gjort på Flofjellvegen, seier Bjørdal. Han håper at også kommunen blir representert med kanskje både ordførar og rådmann. Når markeringa vil finne stad er ikkje bestemt enno, men Bjørdal håper på ein gong tidleg i haust.

Flofjellvegen er eit frodig landskapsområde. I Stigholen blomstrar Geiteramsen viljug.
Flofjellvegen er eit frodig landskapsområde. I Stigholen blomstrar Geiteramsen viljug.

Kyrkjeveg

Flofjellvegen er frå gamalt av ei samferdselsåre mellom Vollset og Flo. Fram til 1848 sokna Brekke til Oppstryn kyrkje og vegen over Flofjellet var kyrkjeveg for folket på dei øvste gardane i Sunnylvsbygda.

Vegen frå Vollset til Flofjellet stig slakt, men bratt ned til Flo. Ein tur på kring tre timar i eit varierande og levande landskap. Vatn og elvar, fossestryk, høge fjell og vakker natur der ein kan møte både husdyr og sjå sjeldne plantar. Ein turveg som blir svært mykje nytta av både fastbuande, cruiseturistar og andre. Det viser mellom anna registreringane ved Sunnylven IL sine trimpostar ved Nedstevatnet og Stigholen som er av dei best besøkte.

Ein tur mellom Vollset og Flo er ei naturoppleving av dei sjeldne. Her ved Stigholvatnet.
Ein tur mellom Vollset og Flo er ei naturoppleving av dei sjeldne. Her ved Stigholvatnet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *