Starta på eit nytt skuleår

Mångag 22. august var fyrste skuledag for fem elevar ved Sunnylven skule, her saman med foreldre. Til venstre rektor Torje Bjørneset.

Måndag 22. august var fyrste skuledag for fem elevar ved Sunnylven skule, her saman med foreldre. Til venstre rektor Torje Bjørneset.

Måndag 22. august var fyrste dag i eit nytt skuleår ved Sunnylven skule. Og fyrste time for 75 elevar og lærarar var i gymmsalen.

I «storstova» ved Sunnylven skule var det rektor Torje Bjørneset som ønska alle vel møtt til eit nytt skuleår. Mest spente var nok fem nye elevar som skulle starte i fyrste klasse. Og Tora, June, Christine, Elias og Mathias vart tekne vel i mot der alle elevar og lærarar stemte i med allsong og «Fyrste dag i fyrste klasse».

Rektor kom også med oversikt over antall elevar med lærarar for kvar klasse, og øvrige tilsette ved skulen. -Og slik det ser ut vil elevtalet halde seg, det ser ikkje gale ut framover. Alt tydar på at det vil ligge mellom 70 og 80 også i åra som kjem, sa Bjørneset.

I år er fordelinga klassevis slik;

1.klasse 5 elevar

2.klasse 10 elevar

3.klasse 4 elevar

4.klasse 8 elevar

5.klasse 8 elevar

6.klasse 8 elevar

7.klasse 5 elevar

8.klasse 8 elevar

9.klasse 10 elevar

10.klasse 9 elevar

Samlinga i gymmsalen vart avslutta med at Torje Bjørneset ønska alle tilsette og elevar lukke til med eit godt og spanande skuleår, og med Ingebrigt Davik sin flotte song, «Fyrste skuledagen min».

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380