Lokalnytt

Stor utfart til Flofjellet.

Den nye parkeringsplassen på Flofjellvegen var godt fylt opp søndag.
Den nye parkeringsplassen på Flofjellvegen var godt fylt opp søndag.

Søndag var det Flofjellstemne, men lagt fleire enn 28 stemnedeltakarar tok turen mot Flofjellet.

Vegen frå Vollset mot Flo er ein populær og mykje nytta turveg, spesielt i helgar. Sist søndag var det Flofjellstemne, men berre seks personar deltok frå Sunnmørssida. Likevel var den nye, store parkeringsplassen like forbi Vollset med plass til 30 bilar over halvfull, for mange var ute på søndagstur.

Hellesylt.info var på Flofjellstemne. På heimveg frå Stigholen til Vollset møtte vi stadig folk, familiar og andre i stort antall, og alle smilande og blide. Flofjellvegen er den store turvegen i Stranda kommune, den høver for syklande, gåande, joggande, alle frå dei minste til spreke pensjonistar. Ta turen du også ein dag!

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *