Storsiger til jentelaget i NC
Jentelaget til Sunnylven er i 1/8 finale i B-sluttspelet, medan gutelaget er utslegne av Norway cup.
Jentelaget til Sunnylven «krusar» vidare i Norway cup. I dag fekk Etnedal bank heile 5-0 av ein gjeng som både storspela og smilte etterpå. Det stod 2-0 til pause. Olene Lade har donka inn mange mål i Norway cup. I dag vart det tre nye, dei to andre sette Kristine Hjellbakk Hole i nota.
No ventar Sykkylven i 1/8 finale på Ekeberg kl. 17.30. Alle i Oslo med røter til Sunnylvsjentene, møt opp på Ekeberg og hei fram jentelaget til vidare avansement. Det kan gå heile vegen til pokalen dette.
Gutane møtte Hødd og tapte 3-8. Dei er no utslegne av Norway cup for i år.