Styrer ferjekøa på Hellesylt

Linn Merethe Myklebust Parr har møtt mange hyggeleg bilturistar på i ferjekøa på Hellesyltogså denne sommaren.

Linn Marthe Myklebust Parr har møtt mange hyggeleg bilturistar i ferjekø på Hellesylt også denne sommaren.

Linn Marthe Myklebust Parr er sjefen i ferjekøa på Hellesylt. Gjennom sommarjobben har ho møtt tusenvis av bilturistar også i år.

Det har vore ein sommar med mykje trafikk, fortel Linn Marthe, opphavleg frå Ørsta, men med sterke slektsband til Hellesylt gjennom mor og besteforeldre. Ved fleire avgangar har det stått igjen bilar til neste ferje. Men så er det berre 90 minutt mellom kvar avgang i dei tre sommarmånadane, og dei aller fleste tek det med godt humør, fortel blide Linn Marthe. –Då anbefaler eg dei å ta ein tur på Øcal eller Hægstad, og om dei treng varme, gode klar til vinteren kan di handle på Devold-utsalet.

Mest i fint ver

Og ferjekøa skal vere rett. Då vi var der for praten vår køyrde ein bil inn i feil felt, det var uvilja feilkøyring. I venlege ordelag forklara Linn Marthe at vedkomande måtte rygge og køyre inn i felt fem, og det ordna seg utan problem.

Ho fortel at trafikken med turistferjene på Verdsarvfjorden varierer med veret. Når sola skin aukar det på med bilar, men når regnet ausar ned og tåka heng i fjelltoppane er det mindre. Inntrykket hennar er at det har vore ein normalt god sommar med turisttrafikk.

Norsk og engelsk

Linn Marthe likar sommarjobben sin, den fjerde sommaren hennar i ferjekøa på Hellesylt og som varer ut august. –Eg møter masse hyggelege folk, og så får eg praktisere engelsken min. Det gå på norsk og engelsk sjølv om her er bilturistar som har andre morsmål. Om det blir ein femte sommar neste år har ho ikkje bestemt seg for enno.

To ferjer

Turistferja mellom Hellesylt og Geiranger starta sesongen rundt 1. mai. Frå 1. juni og fram til 31. august har The Fjords hatt både Bolsøy og Veøy i ruta på Verdsarvfjorden. Og etter planen skal turistferja trafikere strekninga ut oktober i år.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380