Tapte med eitt mål for Tornado Måløy

Tur på Operataket i sommar-Oslo for J 16 laget måndag ettermiddag. (Foto: K.D.Langeland)

Tur på Operataket i sommar-Oslo for J 16 laget måndag ettermiddag. (Foto: K. D. Langeland)

Sunnylven sitt J-16 lag spela ein ny, god kamp, men måtte tole tap 1-2 for Tornado Måløy måndag.

Etter 6-0 over Syril søndag håpa alle Sunnylven –fan på ein ny siger for Sunnylven-jentene også måndag i kampen mot Tornado Måløy. Men nordfjordlaget var eit godt lag som i følgje vår kontakt, trenar Knut Dag Langeland stilte med fleire spelarar frå 3. div damer og ein J-16 landslagsspelar.

Tornado Måløy tok leiinga 1-0 som var pauseresultatet. I andre omgang gjekk dei opp til 2-0 før Olene Lade reduserte for Sunnylven til 2-1 som vart sluttresultatet. Sjølv om det vart tap leverte Sunnylven ein god kamp. Tysdag er det ny kamp mot Dombås på VH bane 05 kl. 11.00.

Resten av måndag er spelefri for begge laga frå Sunnylven så då er det shopping og innom andre sjåverdige ting i hovudstaden som står på programmet, får vi oss fortalt.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380