Til B-sluttspel i Norway cup

Jentelaget til Sunnylven har gjort ei god turnering i Norway cup så langt.

Jentelaget til Sunnylven har gjort ei god turnering i Norway cup så langt.

 

Jentelaget til Sunnylven spela uavgjort i dag og kom til B-sluttspelet. For gutelaget vart det to tap, men får ny kamp i B-sluttspelet i morgon.

Her er dagens rapport frå Norway cup frå vår kontakt:

Jentene spela 3 – 3 mot Dombås.  Dombås leia med eitt mål tre gongar,  men vi klarte å utlikne rett før slutt.  Olene to mål og Malin skåra siste målet med eit langt utspant som spratt over keeperen og inn.

Sunnylven fekk same poengsum som Dombås, men laget frå Dovre hadde betre målforskjell. Jentene møter Etnedal FK i morgen i B –sluttspelet kl.10.45.

Gutelaget har hatt marginar i mot med knepne tap, men spelar ny kamp på onsdag.

Gutelaget har hatt marginar i mot med knepne tap, men spelar ny kamp på onsdag.

Marginar i mot

Gutane tapte 3 – 4  mot Halsenøy.  Ruben to mål og eit sjølvmål.  Ein jamn kamp som like godt kunne bikka andre vegen.

Den andre kampen tysdag mot Nordre Land enda med 1 –  3  tap. Sunnylven leia 1 – 0 ved pause etter eit langskot av Kristian F. Hauge.  På slutten av 2.omgang avgjorde Nordre Land med fint spel.

Litt uvisst i skrivande stund, men truleg er det Hødd gutane møter  i morgen tidleg i sin B-sluttspelkamp.

Etter ein lang fotballdag var det på kvelden samling med pizza og brus sponsa av Sparebanken Møre, og quiz.  Her vart det jamt mellom to av laga. Eit foreldrelag og jente/guttelag.  Her måtte det ekstra spørsmål til for å kåre ein vinnar. Det enda med at dei eldste vann.

Tysdag kveld var det pizza og quiz både for unge og eldre frå Sunnylven i Oslo.

Tysdag kveld var det pizza og quiz både for unge og eldre frå Sunnylven i Oslo.

Alle foto: Knut Dag Langeland

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380