Tunnelopning før jul

16. september var det gjennomslag inne i den nye Ljøtunnelen. På røysa står frå venstre ordførar Jan Ove Tryggestad, skytebas Oddbjørn Bakås og prosjektleiar Arne Ola Stavseng.

16. september var det gjennomslag inne i den nye Ljøtunnelen. På røysa står frå venstre ordførar Jan Ove Tryggestad, skytebas Oddbjørn Bakås og prosjektleiar Arne Ola Stavseng.

Arbeidet med den nye Ljøtunnelen på Fv. 60 er i rute. Det blir storstilt opning før jul.

Fullføring av tredje og siste byggesteg i rassikring av Fv. 60 Hellesylt – Røyr nærmar seg med opning før jul i år.

I desember i fjor vart den 440 meter lange betongtunnelen på Røyr opna, og før jul i år blir det folkefest med opning av den nye 3650 meter lange Ljøtunnelen. Då er 13 km. veg mellom Hellesylt og Røyr rassikra med nye eller utbetra tunnelar, ny veg, og i tillegg stor flott rasteplass på Ljøen.

Frå Vegvesenet får vi opplyst at det blir planlagt opning og stor folkefest 17. desember i samarbeid med kommune og fylkeskommune.  Fleire detaljar kring opninga kjem seinare.

Det var 5. juni 2014 at skytebas Oddbjørn Bakås fyrte av fyrste salve på den nye Ljøtunnelen. Arbeidet starta opp både frå Herdal og Ljøen og 16. september 2015 fyrte same skytebas av sprengladninga som førte til gjennomslag i tunnelen.

Les også: http://www.hellesylt.info/2016/07/i-rute-med-ljotunnelen/

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380