Lokalnytt

«Under Kopen» vann Sommarquiz

Vinnarlaget i Sommar-Quiz på Peer Gynt Galleriet. Frå venstre Svein Erik Frøysa, Dag Stadheim, Fredrik Helset, Fredrik Stadheim, Gunnar Fivelstad, Lars Fivelstad.
Vinnarlaget i Sommar-Quiz på Peer Gynt Galleriet. Frå venstre Svein Erik Frøysa, Dag Stadheim, Fredrik Helset, Fredrik Stadheim, Gunnar Fivelstad, Lars Fivelstad.

Quiz-laget «Under Kopen» vann sommar-Quiz på Peer Gynt Galleriet fredag der ni lag deltok.

Ni lag og femti kunnskapsrike personar kniva om sigeren då Peer Gynt Galleriet inviterte til sommar-quiz fredag kveld. På ein kveld med regn og tåke ute vart det trivelege timar inne med leiting etter svar på totalt 40 spørsmål både frå år tilbake og dagsaktuelle. Quizmaster Arild Ringdal og medhjelpar Egil Røyrhus hadde sett saman spørsmåla og leia tevlinga. Vinnarar vart karalaget «Under Kopen» som kunne dele premien på 1000.- kroner.

Spørsmåla var ei blanding av hummar og kanari som Arild Ringdal innleia med å kalle det. Og det dreia seg om sport, musikk, geografi, politikk og andre dagsaktuelle hendingar som ny trenar for fotballklubben Haugesund og fyrste gullmedaljevinnar i OL i Rio de Janeiro.

«Under Kopen» tok leiinga alt etter dei fyrste 20 spørsmåla, men «Blanda Twist» og «Die Mannschaft» var hakk i hel. I andre halvdel var det spørsmål innan musikk som skapte vanskar for fleire, men desse løyste mellom anna «Maggen og Resten» godt og kom seg opp i tetstriden til tredje plass. Det vart likevel to poeng for lite til å knipe «gullet».

Her er resultatet av Sommar-Quiz på Peer Gynt Galleriet.

 

Under Kopen, 23,5
Die Mannschaft III 22
Maggen og Resten 21,5
Koos 18,5
Blanda Twist 17
Korsbrekke Dream Team 11,5
Feriekameratane 10
Bygg & Transport 9
Jenter & Gut 3,5

Her er spørsmåla som deltakarane fekk bryne seg på i runde 1.

  1. Kva fylke i norge har flest kommuner ? (Nordland)
  2. I kva to kommuner ligg Mjøsbrua ? (Gjøvik og Ringsaker)
  3. I kva to kommuner ligg Oslofjordtunellen ? (Frogn og Hurum)
  4. I kva fylke ligg Rollag ? (Buskerud)
  5. I kva by vart Hernik Ibsen fødd ? (Skien)
  6. Kva heiter hovudstaden i Wales ? (Cardiff)
  7. Kva heiter hovudstaden i Nigeria ? (Abuja)
  8. Kor mange hovudstadar renn Donau innom ? (4)
  9. I kva by kjem avisa «Fremover» ut ? (Narvik)
  10. Kva to statsministre har regjert lengst ? (Nygaardsvoll og Gerhardsen)
  11. Kvar i kongerike Norge var det vulkanutbrot i 1970 ? (Jan Mayen)
  12. Venstre vart splitta i 1972, kva heiter partiet som gjekk ut frå Venstre ? (Det liberale/ nye folkepartiet)
  13. Kvar vart skreifestivalen i nord-trøndelag nyleg avhelden ? (Rørvik)
  14. Kulturfestival i Sogn og fjordane, starta opp i 1995 ? (countryfestivalen på Breim)
  15. kva år vann Kurt Nilsen World Idol ? (2004)
  16. Countryartist kjend frå «Farmen» , fornavn startar på A ? (Ann Tayler)
  17. Artist som fekk platekontrakt i 1988, gav ut kjellstadslåttar ? Ambjørg Lien
  18. Kven syng duett saman med Christian Ingebriktsen på «I fell in love with an angel»? (Maria Arredondo.)
  19. Tekstlinje frå Trong Fødsel: «og eg vet det er feil å la kompisene mine styre mine følelser for deg».. ? (Drømmedame)
  20. Tekstlinje frå Åge Aleksandersen: «vi hadde tenkt å kjøpe oss villa, men det ble det ittno a» ? (4 pils og 1 pizza).

Andre runde:

  1. Kva heiter faren til fotballbrødrene Arild, Runar og Ørjan Berg ? (Harald)
  2. dansk tennisstjerne, tapande finalist i US Open2009 og 2014 ? (Caroline Wozniacki)
  3. Kva by spelte Djerv 1919 heimekampane sine i ? (Haugesund)
  4. Svenske – tidlegare landslagssjef for fotball-landslaget til Nigeria ? (Lars Lagerback)
  5. Kva klubb spelte Ole Gunnar Solskjær i før han gjekk til Molde FK ? (Clausenengen)
  6. Fornavn til faren til eks-start spelar og ekspertkommentator Jesper Mathiesen ? (Svein)
  7. Kva heiter heimebana til Jerv frå Grimstad ? (Levermyr stadion)
  8. Kva klubb har oppfostra både Børre Steenslid og Peter Orry Larsen ? (Skavøypoll)
  9. Kva heiter trenaren til Haugesund FK ? (Eirik Horneland)
  10. Kva heiter den fyrste OL mesteren som er fødd i dette årtusen ? (Penny Oleksiak, Canada 100 meter svømming)
  11. Kvar kan vi finne ferskvannshai ? (Lago de Nicaragua, Nicaragua)
  12. Kva er nordens eldste universitet ? (Uppsala)
  13. Kor mange innsjøar er det i Finland ? (ca. 55.000)
  14. Kvar kjem forfattaren Jose Saramago frå ? (Portugal)
  15. Kva noverande land kjem fønikarane i frå ? (Libanon)
  16. Kvar foregjekk hendingane 1 september 1939 som starta andre verdskrig ? (Gdansk, Polen)
  17. Kvar kjem den greske fotballklubben Doxa Drama frå ? (Drama)
  18. Kva by kjem Donald Trump frå ? (New York)
  19. Kva er høgaste fjellet i nordnorge ? (Oksskolten, 1916 moh.)
  20. Kva innsjø ligg den svenske byen Karlstad ved ? (Vaneren)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380