Lokalnytt

Vegstenging på Fv. 60 ved Hellesylt

Svebakkbrua på Fv. 60 med Ringdal og mot Hellesylt i bakgrunnen. Til venstre på biletet blir det etablert ei bru med lysregulering.
Svebakkbrua på Fv. 60 med Ringdal og mot Hellesylt i bakgrunnen. Til venstre på biletet blir det etablert ei bru med lysregulering.

Det skal utførast vedlikehaldsarbeid på Svebakkbrua ved Hellesylt på Fv. 60. Vegen blir stengt natt til fredag 26. august i samband med etablering av ei omkøyringsbru.

Eit landkar på Svebakkbrua på Fv. 60 Langedalsvegen er skada og skal støypast nytt. I den samanhang skal det byggast ei interimsbru (omkøyringsbru) på staden, og det blir vegstenging frå torsdag 25. august kl. 22.00 til fredag 26. august kl. 06.00 medan dette arbeidet pågår, opplyser byggeleiar Arild Vikan i Vegvesenet. Ambulanse og utrykkingskøyrety kan passere.

Skaden på landkaret vart oppdaga under ei synfaring, eit inspeksjonsprogram som Vegvesenet i Møre og Romsdal har på alle bruer, fortel Arild Vikan. Kva som har forårsaka skaden kjenner han ikkje til. Betongbrua på om lag fem meter er gamal og der har vore store flaumar og ras på staden.

Interimsbrua får eitt køyrefelt og blir lysregulert. Det er avsett ein månad til arbeidet. Planen er at alt arbeid med asfaltering skal vere ferdig før vinteren, seier Vikan.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380