
På Hellesylt stadion arrangerer Sunnylven Fotball Klubbens dag laurdag.
Sjølv om vermeldinga ikkje lovar det aller beste for utandørsaktivitetar, blir det Klubbens dag laurdag, det fortel Åse Støverstein i fotballgruppa som er arrangør. Ho har registrert at det er meldt litt lettare ver på laurdag, så då blir det mykje aktivitet med ball på kunstgrasdekket på Hellesylt stadion. I tillegg blir det servering av Grandiosa pizza frå Orkla til alle, seier ho.
Åse Støverstein trur det blir ein folksam dag på stadion, for den aktive fotballfamilien i Sunnylven tel rundt 60 – 70 unge fotballspelarar, og i tillegg fleire oppmenn og trenarane.
I år er det fjerde året på rad at Sunnylven Fotball arrangerer Klubbens dag.