Asfalterer «storstova» i Ljøfjellet

I tre dagar har det blitt lossa asfalt på Hellesylt kai til bruk på Røyr og Ljøen.

I tre dagar har det blitt lossa asfalt på Hellesylt kai til bruk på Røyr og Ljøen.

Denne veka blir vegbana gjennom Røyratunnelen og i den nye Ljøtunnelen på fylkesveg 60 mellom Ljøen og Røyr asfaltert.

Det er Veidekke på oppdrag frå hovudentreprenør Skanska som utfører asfalteringsarbeidet. I tre dagar har det blitt kjørt asfalt frå skuter ved Hellesylt kai. Frå tidlegare er det lagt to lag asfalt både på Røyr og i den 3600 meter lange nyetunnelen, no er det siste lag og slitedekket som blir lagt. Arbeidet er venta å vere ferdig onsdag 28. september.

Og ferdiggjering av den nye Ljøtunnelen er i rute til opningsfesten 17. desember får vi opplyst, ei tunnelopning som vil bli behørig markert og der både Møre & Romsdal fylke og Stranda kommune er med i planlegginga.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380