Lokalnytt

Brannvern i fokus på open dag.

Hellesylt Brannstasjon i Ringdalsåsen
Hellesylt Brannstasjon i Ringdalsåsen hadde besøk av både ekte og unge, «nye» brannmenn laurdag.

I Stranda vart Brannvernveka 2016 avslutta med open dag ved Hellesylt Brannstasjon.

Brannsjef Inge Teigen og fire brannmenn frå korpset på Hellesylt fekk besøk av mange, spesielt unge, potensielle brannmenn då Stranda Brannkorps inviterte til open dag ved stasjonen i Ringdalsåsen laurdag. Her var det mykje å sjå og oppleve, både av ekte brannmenn, brannbilar og flammar som dei frammøtte fekk prøve å sløkkje med både vatn og skum.

Brannvernveka set fokus på å unngå brann, men også rett måte å sløkkje på om uhellet er ute. Under open dag vart det snakka om kva som er viktig for å unngå brann og døme på sløkking, som om det skulle ta fyr i ei panne på omnen. Ikkje bruk vatn, men legg på eit lokk, sa Inge Teigen.

Slikkan det flamme opp om ein brukar vatn på ei overoppheita panne på omnen.
Slik kan det flamme opp om ein brukar vatn på ei overoppheita panne på omnen.

Beredskap på topp

Til hellesylt.info fortalde brannsjefen litt om brannkorpsa i Stranda kommune. Brannkorpset på Stranda har 20 mann, på Hellesylt er mannskapet på 10 og det nyaste både av bilar og bygning. I Geiranger tel brannkorpset 12 personar. Der er det gjort avtale med Eidsdal om hjelp ved brann då Geiranger ikkje har tankbil og vatn kan bli eit problem i visse situasjonar.

Brannsjef Inge Teigen fortel at på Stranda er alltid tre mann på vakt døgnet rundt, så brannberedskapen i kommunen er på topp døgnet rundt.

Tunnelbrann

Ved brann i tunnel på fylkesveg 60 er det mannskap frå Hellesylt som skal rykke ut fyrst. Tunnelane stig mot Stranda så røyken vil trekke den vegen. Difor er det naturleg at det er mannskap med røykdykkarar frå Hellesylt som er fyrste innsatsstyrke ved ulykke i ein av tunnelane. At det ikkje er ambulansebil på Hellesylt er eit minus, men etter at Kvivsvegen kom er vegen til Volda kort, seier Teigen som legg til at også helikopterberedskapen er betre enn tidlegare.

På Stranda vart brann og brannvern omsnakka under Strandadagane tidlegare i haust, og laurdag vart «veka» avslutta ved stasjonen på Hellesylt. Brannsjefen oppmodar alle om å vise respekt og varsemd for alt som kan føre til brann og gjerne halde eigne brannøvingar heime.

Brannsjef Inge Teigen instruerer ein komande brannmann i å sløkkje flammar med skum.
Brannsjef Inge Teigen instruerer ein komande brannmann i å sløkkje flammar med skum.
Å køyre ein stor brannbil må vere kjempekjekt, meinte Ingeborg, Siv Anita og Fredrik.
Å køyre ein stor brannbil må vere kjempekjekt, meinte Ingeborg, Siv Anita og Fredrik.
God stemning mellom unge "brannmenn".
God stemning mellom unge «brannmenn».

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *