Damelaget vann

Stranda/Sunnylven damer har spela godt i dei siste kampane. Onsdag vart det klar siger mot Spjelkavik. (Foto frå arkivet)
Stranda/Sunnylven damer har spela godt i dei siste kampane. Onsdag vart det klar siger mot Spjelkavik. (Foto frå arkivet)

Stranda/Sunnylven damer tok sin tredje siger for sesongen då dei vann 4-0 over Spjelkavik onsdag.

Onsdag var det seriemøte mellom dei to botnlaga i 3. divisjon damer, Spjelkavik og Stranda/Sunnylven på Spjelkavik si kunstgrasbane. Gjestane viste seg best og vann klart. Ved pause stod det 2-0 og då domar Harald Ullahamar, Ellingsøy IL bles for full tid var sigeren på solide 4-0.

Kirsti Frøysadal Hauge opna nettsusen etter 4. minutt, og 12 minutt ut i kampen vart storskåraren takla ulovleg og domar peika på straffemerke . Anne Lise Lødøen Helset dundra ballen sikkert i mål til 2-0 for gjestane.

Feira gebursdag med skåring

Også andre omgang starta godt for Stranda/Sunnylven. I det 48. minutt vart det 3-0 ved innbyttar og gebursdagsjubilant Ivrine Beate Tryggstad, og for at det ikkje skulle vere tvil om kvar poenga skulle gå banka Kirsti inn sitt andre mål i kampen åtte minutt før full tid og til 4-0 for Stranda/Sunnylven.

-Vi har vel møtt hardare motstand, men vi spela ein bra kamp slik vi har gjort både mot FK Sykkylven og Brattvåg i august. No er det to kampar mot Herd som står for tur, ein hengekamp frå i vår på søndag og heime på Stranda stadion onsdag 14. september. Vi gler oss, seier Kirsti Frøysadal Hauge som synest det er kjekt at fleire frå Sunnylven har spela seg inn i stallen på damelaget. Mot Spjelkavik var dei åtte, fortel storskåraren.

To møte mot serieleiaren

Samarbeidslaget frå Stranda har igjen fem kampar i årets serie, to møte mot Herd, borte mot Blindheim og Ravn, og heime mot Fortuna /Aksla på Hellesylt stadion onsdag 28. september.

Laget ligg framleis på 8. på tabellen for 3. divisjon damer med 10 poeng, ein tabell som Herd leiar med 23 poeng. Serieleiaren i 3. divisjon damer tapte 1-2 for Brattvåg onsdag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.