Lokalnytt

Ein sommar er over

Holedalen sett frå Stigen.
Holedalen sett frå Stigen.

Vi skriv september og sommaren med varierande ver og mange flotte opplevingar er over. hellesylt.info har «blada» tilbake og i dag presenterer vi litt av det som hende i juni.

Juni 2016

Kommunereforma vart ei sak som fekk mykje plass i media denne sommaren. I Stranda fekk innbyggjarane seie si meining gjennom folkerøysting om samanslåing med Sykkylven. Resultatet vart eit klart nei til samanslåing.

I Postvegløpet med Markane IL som arrangør gjorde Sunnylvsløparar det sterkt med klassesigrar til Kristine Hjellbakk Hole, Hege Ringdal og Anniken Hjellbakk Hole.

Arbeidet på Postvegen over Ljøbrekka starta opp igjen tidleg i juni, og cruisebåtane var mange og la til kai på Hellesylt. Ved to høve stilte leikarringen i HUL opp og begeistra turistane med folkedans.

Bygdekvinnelaget drog på tur til Vang i Valdres og Beitostølen. Her ved Bøyabreen i nabofylket.
Bygdekvinnelaget drog på tur til Vang i Valdres og Beitostølen. Her ved Bøyabreen i nabofylket.

Nye sterke plasseringar vart det av bygda sin idrettsungdom i motbakkeløpet Blåfelden heilt opp, på Hellesylt stadion rulla fotballen med kampar i aldersbestemte klasser, og Joyful feira 30 år.

På Peer Gynt galleriet stilte kunstnaren Olav Harald Ulstein ut måleri, og Sunnylven Bygdekvinnelag inviterte på busstur til Valdres og Beitostølen.

Søndag 12. juni var det trimtreff på Øvreljøsetra for fyrste gong, og på fjellgården Øvre Ljøen tok ein gapahuk med scene form på eit uteamfi. Elevar imponerte under Stranda kulturskule si sommaravslutning på Sunnylven samfunnshus, og bruk av hydrogen var tema under eit fagmøte på Peer Gynt galleriet.

I landbruket var det gode vekstforhold, og slåtten kom i gong tidleg i juni. Det var ingen overvintringsskadar på enga og avlingane vart gode.

Deltakarar rå Sunnylven IL på Dalsnibba etter fullført "Frå fjord til fjell".
Deltakarar frå Sunnylven IL på Dalsnibba etter fullført «Frå fjord til fjell».

Hellesylt fekk i juni tilrettelagt for offentlege toalett i Sunnylven samfunnshus, og konsertamfiet ved Fjellgården Øvre Ljøen vart opna med konsert av artisten Egil Olsen frå Ørsta. I Geiranger vart kraftprøva «Frå fjord til Fjell» arrangert og fleire frå Sunnylven deltok og gjorde det godt.

Andesleppet, det største nokon gong avslutta Hellesyltdagane, dei folkerikaste nokon gong.
Andesleppet, det største nokon gong avslutta Hellesyltdagane, dei folkerikaste nokon gong.

I alt 45 medlemer frå Sunnylven pensjonistlag var med på dagstur til Bremangerlandet, og komiteen for Hellesyltdagane 2016 kunne presentere det meste av eit tettpakka og godt program for den 29. folkefesten på Hellesylt i juli.

Hellesylt fekk sin rib-båt denne sommaren. Båten vekk namnet Sunnylvsfjord under ein dåpsseremoni ved «dei sju systre» i Geirangerfjorden, og familien Bonsaksen inviterte på 40 – 50 knops fart og opplevingsturar på fjorden. Litt rolegare gjekk det for pensjonistane ved Sunnylven omsorgssenter som fekk sin årlege sveletur med turistferja Veøy til Geiranger og tilbake.

Sunnylven skulekorps og unge dansarar frå HUL begeistra stort cruisegjestar på Hellesylt kai i juni.
Sunnylven skulekorps og unge dansarar frå HUL begeistra stort cruisegjestar på Hellesylt kai i juni.

På Hellesylt kai begeistra bunadskledde dansarar og fleire frå HUL cruiseturistar på Queen Elisabeth. Ein svært nøgd kaptein på cruiseskipet sende takkeskriv til aktørane gjennom Sunnylven skule for framvisinga.

Det var sommaravslutning Ved Sunnylven skule der sju elevar fekk sine avgangsvitnemål, og under sommar-Quiz på Peer Gynt galleriet sigra «Vi som ikkje er på Furneset».

I Sunnylvs-Moldskreddalen vart det halde friluftsgudsteneste, og klubbhuset på Hellesylt stadion vart måla på dugnad.

Eit kvilebord ved trimposten på Sætre-setra.
Eit kvilebord ved trimposten på Sætre-setra.

Sommarfesten i Sunnylven barnehage samla mange til trivelege programinnslag og enkel servering, spreke Kristine og Hege og delevis Anniken var innom alle trimpostane i Sunnylven i løpet av fire døgn, fleire brannmenn i Stranda fekk heider og utmerkingar for lang teneste i brannkorpsa, og i slutten av juni var NVE på synfaring av fire kraftverkprosjekt saman med fallrettseigarar og Stranda Energi som utbyggjar.

Ved kunstsenteret på Hellesylt var det plantedugnad, Hellesylt Boutique & Bar fekk skjenkeløyve, Olav Bratland vart ny styreleiar i Stranda Hamnevesen KF, det vart laga 20 nye benkebord til bruk under Hellesyltdagane, og badehuset på Hellesylt fekk ny, flott tilkomstveg.

Juni hadde mykje fint sommarver, men vart avslutta meir varierande, noko som stadig førte til at fleire flotte regnbogar var eit daglegdags syn å sjå.

Regnboge

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *