Eventyrleg hjortejakt på Røyrhus

To dagar ut i hjortejakta er det kome mykje flott hjortekjøt på låven på Røyrhus.

To dagar ut i hjortejakta og det er kome mykje hjortekjøt i hus på Røyrhus.

På Røyrhus har årets hjortejakt starta på ein eventyrleg måte med 13 felte dyr dei to fyrste jaktdagane.

Foto: Rune Tryggestad

Det har blitt mykje jobb for jegerane på Røyrhus i starten av hjortejakta i år. På dei to fyrste dagane er det kome på låven 13 dyr av både stort og smått, rapporterer Rune Tryggestad.

På bildet og framfor fine hjorteskrottar har han samla fem av jegerane, frå venstre Tore Tomasgard, Trygve Aaland Tryggestad, Dag Eivind Tveit, Rasmus Røyrhus og Kjell Sveinung Røyrhus.

Det har blitt lite søvn, og sjølv om veret har vore vått og trasig er humøret på topp, heiter det i meldinga.  Jaktlaget på Røyrhus har tildelt ei kvote på totalt 24 dyr.

Også Nibbedalen fyller opp i frysarane med hjortekjøt. Til no er det skote fem dyr, alle på Fivelstad.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380