
Det stod potetball på menyen då medlemer i Sunnylven pensjonistlag samla seg på Peer Gynt galleriet til velsmakande måltid og mykje drøs.
På torsdag møtte 38 medlemer i Sunnylven pensjonistlag på Peer Gynt galleriet til servering av potetball. Og alle let vel over eit velsmakande måltidet som bestod av ein stor potetball, pølse, kålrot, salt kjøtt, ekstra potet og bacon i feitt.
Det var andre gong i år at pensjonistlaget inviterte medlemane til felles samling med potetball på menyen. Og det blir fleire medlemstreff ut over hausten, kunne festleiar og styremedlem i pensjonistlaget, Odd Jostein Bjørdal fortelje. Han orienterte om fleire tilstellingar og den fyrste er på eldredagen 1. oktober, også då på Peer Gynt galleriet på Hellesylt. Då blir det underhaldning med song, og det blir kåseri av leiar i styret for Storfjordens Venner, Kjell Løseth, fortalde Bjørdal. Og med sauer og lam vel heime frå fjellbeite og grønnsaker og poteter i hus har arrangøren bestemt at menyen denne dagen blir fårikål. Det er vel berre å krysse av på kalendaren.
hey there and thank you for your info – I’ve certainly picked up something
new from right here. I did however expertise several technical points using
this site, since I experienced to reload the site a lot of times previous to I could get it to load
properly. I had been wondering if your hosting is OK? Not that I’m complaining, but slow loading instances times will often affect your placement in google and could damage your high-quality score if advertising and marketing with Adwords.
Well I’m adding this RSS to my e-mail and can look out
for a lot more of your respective exciting content.
Ensure that you update this again very soon.. Escape rooms
I like this web site very much, Its a real nice berth to read and incur information..