Lokalnytt

Filmopptak med dansarar frå HUL.

Dansegruppa har imponert ved fleire høve, som for cruiseturistane på Queen Elisabeth. Etterpå fekk dei rosande omtale frå kapteinen.
Dansegruppa har imponert ved fleire høve, som for cruiseturistane på Queen Elisabeth. Etterpå fekk dei rosande omtale frå kapteinen.

Dansarar frå Hellesylt Ungdomslag er invitert som deltakarar i ein undervisningsfilm som Noregs Ungdomslag skal spela inn. Torsdag startar filminga på ferja mellom Hellesylt og Geiranger.

Wenche Ringdal, leiar i barnelaget i Hellesylt Ungdomslag er kontakta av Anna Gjendem frå Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal i samband med at Noregs Ungdomslag har eit prosjekt i gong dei har kalla Folkepedia. Det skal bli eit verktøy innanfor folkedans og får ei eiga heimeside på www.folkepedia.no.

Folkepedia er samansett av folk frå folkedans/folkemusikk, andre som viser pedagogikk, eller pedia som viser til Wikipedia. -Dette er eit prosjekt for og med barn og unge der vi vil testa ut nye måtar å formidla folkedans på for denne målgruppa, heiter det i invitasjonen.

Og for at Noregs Ungdomslag skal få til prosjektet er dei avhengige av å ha med lokallag. Dansegruppa i HUL har fått tilbodet og takka ja, opplyser leiar i barnelaget Wenche Ringdal. Saman med dansarar frå Sykkylven blir dei fyrste danseopptaka med dei eldste dansarane gjorde på ferja mellom Hellesylt og Geiranger torsdag denne veka.

Fredag blir det nye filmopptak med dei yngste dansarane, ein stad i nærleiken av Hellesylt, har Wenche Ringdal fått opplyst.

Laurdag blir dei siste filmopptaka gjorde, men kvar er ikkje klart, kanskje på Bjørke, heiter det i invitasjonen frå Anne Gjendem.

Dansane som skal visast på filmen er Polka, Gilleråsen, Sunnmørsreinlender, Springar, Parhalling, Pisi og fuglen, Det står ein friar, Irsk polka og Tretur frå Hornindal.

I tillegg til dans skal filmen vise detaljer i instruksjonen som kan gjere det lettare å lære dansane.

Filmane vil bli publisert på nettet om borna og foreldra gjev løyve.

HUL-dansarar er med på å lage instruksjonsfilm for Noregs Ungdomslag. Filminga startar alt på torsdag.
HUL-dansarar er med på å lage instruksjonsfilm for Noregs Ungdomslag. Filminga startar alt på torsdag.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *