Folkedans på turistferje og badestrand

Torsdag vart filminga av folkedans avslutta på badestranda på Hellesylt.

Torsdag vart filminga av folkedans avslutta på badestranda på Hellesylt.

Torsdag vart dei fyrste opptaka til film om folkedans gjorde på Hellesylt. Dei neste to dagane blir det nye dansar og opptak andre stader.

Unge dansarar frå Hellesylt Ungdomslag og Sykkylven gjekk om bord i turistferja Bolsøy torsdag morgon. Dei skulle vere med på innspeling av ein film som Noregs Ungdomslag lagar om folkedans, og som skal brukast til formidling og opplæring.

Med på filminnspelinga var Halldis Folkedal frå Noregs Ungdomslag som har praktisk pedagogisk utdanning innan folkedans, Anna Gjendem frå Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal, eit mannsterkt filmteam, ti dansarar frå HUL og sju frå Sykkylven med leiarar.

Halldis Folkedal, Noregs Ungdomslag

Halldis Folkedal, Noregs Ungdomslag

Anna Gjenden, Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal.

Anna Gjendem, Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal.

Leiar i barnelaget i HUL, Wenche Ringdal fortel at det vart litt vanskeleg med innspeling om bord i ei turistferje der det var fleire bussar og mange reisande med. Også motorduren gjorde at musikken vart vanskeleg å høyre for dansarane. Men det vart filma scener frå dobbeltreinlender og med instruksjon og forklaring av dansetrinna. Filminga vart gjennomført både på bildekk og oppe på soldekk om bord på Bolsøy.

Turen mellom Hellesylt og Geiranger som vart ei fin oppleving i strålande ver der alle fekk servert gratis svele og kaffi, fortalde Wenche Ringdal.

Tilbake på Hellesylt og etter ein pause var det nye filmopptak i og ved badehuset på badestranda. Der vart det vist Sunnmørsreinlender, og ein dans kalla Gilleråsen, begge filma som dans og med forklaring til.

Det vart ein del venting for dei unge dansarane, men slik er det vel med filmopptak. Vil ein vere filmstjerner blir det innstudering, filming, venting og nye opptak.

Fredag er det nye opptak på utkikkspunktet på Ljøen med dobbelt så mange aktørar. Der blir eit storslagent bakteppe på naturscena. Filminnspelinga blir avslutta med opptak ved Urasætra i Norangsdalen laurdag.

Dansegruppa med leiarar frå HUL som var med på filmopptaka torsdag.

Dansegruppa med leiarar frå HUL som var med på filmopptaka torsdag.

dans-5

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380