Går i samarbeid om sykkelutleige

Knut Hole starta Hellesylt El-sykkelutleige, ein sykkelpark som i år vart utvida til tolv el-syklar og to vogner. Neste sesong kan det bli samarbeid med Geiranger Fjordservice.
Nyleg vart det halde eit møte på Hellesylt der sykkelturisme i indre Storfjord-område var tema. Nær 20 deltakarar frå kommunane Norddal, Stordal, Sykkylven og Stranda var samla på Peer Gynt galleriet der dei drøfta tiltak for auka satsing, og delte erfaringar frå dei som var komne i gong med sykkeltilbod til både turistar og fastbuande.
Har merka turstiar
Store deler av området som møtedeltakarane kom frå er Verdsarvområde. -Den beste formidlinga av Verdsarvverdiar skjer ute i verdsarvområdet, sa Merete Løvoll Rønneberg som sjølv jobbar innafor organisasjonen. Ho fortalde om kva dei hadde gjort for å legge til rette for naturbasert aktivitet, mellom anna med merking og rydding av naturstiar. Alt vart merka etter nasjonal standard med fire fargar der svart var dei tyngste råsene og grøn lettast. No var ski, padling og sykkel nye satsingsområde for Verdsarven.
Kommunane som var representert på møtet hadde ulik bakgrunn i sykkelsatsing. Framover var planen å lage eit opplegg, både i fellesskap og enkeltvis. Men sykkelturistane er ikkje opptekne av kommunegrenser, men der det er best å sykle. Difor måtte det satsast der det beste tilbodet kunne skapast, vart sagt mellom anna.
Hellesylt El-sykkelutleige
Stranda var langt framme med satsing på sykkelturisme. Knut Hole starta Hellesylt El-sykkelutleige i 2015 for å lage eit nytt tilbod til turistar som kjem til bygda. I år vart sykkelparken utvida så no rår firmaet over tolv syklar og to sykkelvogner. I tillegg leiger Hole ut ekstra utstyr som hjelmar, fiskeutstyr og kart over sykkelruter.
På møtet fråråda Hole å planlegge og lage tilbod som både var avansert og vanskeleg. –Vi er få og må bruke dei vegar og sykkelstiar som ligg i området frå før, sa han mellom anna. Han fortalde om sine erfaringar og viste fram både sykkelparken og ekstra utstyr som sykkelturistane kunne få med på turen.
På rundtur
Hellesylt El-sykkelutleige er etter to år framleis i oppstartfasen, men Knut Hole ser moglegheiter i at fleire samarbeider. Frå neste sesong håper han å få til eit samarbeid med Geiranger Fjordservice. Tidleg i oktober kjem Helle Jenssen og eit par guidar frå selskapet til Hellesylt der Hole vil ta dei med rundt og vise fram flotte tur –og sykkelruter, frå Norangsdalen, Moldskreddalen og til sætredalar i Langedalen og Bygda. Også andre severdigheiter som kraftverk, bygdetun, kunstgalleri og naturperler som Helsetvatnet og Flofjellvegen er med på rundturen som er planlagt, fortel Knut Hole.
Og han har eit mål, kanskje ein visjon at minst ein av alle bussar med cruisepassasjerar som går på land på Hellesylt kai skal bli igjen i staden for å reise frå bygda i buss snarast råd. –Det kan bli mange i løpet av ein sesong, for ein buss med 40 passasjerar frå hundre anløp blir 4000 personar, seier Knut Hole.