Lokalnytt

Gjætarhundar konkurrerer om NM-plass

Bonsaksen på Øvre Ljøen stiller med hundenJoy i gjætarkonkurransen på Vollset. Her ei måleri av hunden, laga av Solveig Hopland, Velledalen.
Bonsaksen på Øvre Ljøen stiller med hunden Joy i gjætarkonkurransen på Vollset. Her eit måleri av hunden, laga av Solveig Hopland, Velledalen.

Komande helg blir det kvalifisering til NM for gjætarhundar på Vollset i Sunnylven.

Rundt 20 gjætarhundar frå heile Møre og Romsdal er meldt på til NM-konkurranse for gjætarhundar. Konkurransen foregår på Vollset i Sunnylven både laurdag og søndag der om lag 20 hundar blir med for å vise seg fram som dei beste gjætarane frå fylket.

Det er Indre Sunnmøre gjætarhundlag som er arrangør av uttaket som foregår på garden til Oddvar Tynes, fortel Bente Bonsaksen. Hos Bonsaksen på Øvre Ljøen har dei fleire gjætarhundar og på Vollset stiller dei med 11.5 år gamle Joy. Hunder har delteke i konkurransar tidlegare og gjort det godt. Den er blitt gammal no, men framleis veldig flink med sauene, fortel Bente Bonsaksen som gler seg og seier at området ved Vollset er ideelt for tevlinga. Konkurransen klokka 11.00 begge dagane.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *