Haustfest på omsorgssenteret

Som tidlegare år var det også denne gongen svært godt frammøte på haustfesten til pårørandeforeininga.

Som tidlegare år var det også denne gongen godt frammøte på haustfesten til pårørandeforeininga.

Svært mange møtte fram til haustfesten på Sunnylven omsorgssenter som pårørandeforeininga skipar til kvart år.

Det vart både underhaldning, god servering med kaffi , kaker og vaflar og trekning av eit stort antall gevinstar då pårørandeforeininga i samarbeid med omsorgssenteret skipa til haustfest laurdag. Dei fleste av bebuarane var til stades saman med slekt og vener.

Kari Hauso Stadheim leia festen og ønska vel møtt på ein fin haustdag. Ho kunne fortelje at gradestokken viste 18 varme grader om morgonen, og ho håpa det måtte bli fleire slike dagar ut over hausten. Både for at pensjonærane kunne få sete ute, og for at dei skulle få bruke dei to nye, flotte syklane som omsorgssenteret hadde fått, sa ho.

Til underhaldning hadde arrangøren hyra inn Kristin Storstein og Erik Torset. Kristin hadde med tre av Alf Prøysen sine viser, alle med flotte tekstar, og «Vi vandrar langs med elva» som artisten Rita Eriksen har gjeve ut. Minikonserten vart ei oppleving, med Kristin Storstein si vakre sopranstemme og Erik Torset sitt trygge tonefylgje på gitar var det ei god stund, eit høgdepunkt som fekk ekstra ros frå festleiar og ekstra applaus frå salen.

Også kakebordet var eit anna høgdepunkt, for der fanst go`saker for alle smakssansar. Og som ikkje det var nok var det sal av årar på «tilbod» til gevinsttrekninga. Mange vann, dei hadde gjort eit godt kjøp sjølv om det viktigaste ikkje var å vinne, men å støtte denne gongen. For inntekta frå desse tilstellingane går uavkorta tilbake til Sunnylven omsorgssenter.

Heilt til slutt takka Kari Hauso Stadheim alle, for at dei kom, alle pårørande for alt dei hadde hjelpt å lage til festen, og for at alle fekk lov å vere i lag nok ein gong.

Og Anne Jorunn Ljøen takka på vegne av bebuarane; – Eg vil takke pårørandeforeininga for festen og alt dei har laga til, og så vil eg takke betjeninga ved heimen som er like blide og hyggelege både dag og natt-.

Kristin Storstein song nesten rørande vakkert fleire viser av Alf Prøysen. Erik Torset spela gitar til.

Kristin Storstein song nesten rørande vakkert fleire av Alf Prøysen sine viser. Erik Torset spela gitar til.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380