Lokalnytt

Hausttakkefest og 20-årsfest på kyrkjelydshuset

Søndag er det 20-årsjubileum for Sunnylven kyrkjelydshus. Det blir song, servering og ljosbilete frå arrangement på kyrkjelydshuset.
Søndag er det 20-årsjubileum for Sunnylven kyrkjelydshus. Det blir song, servering og ljosbilete frå arrangement på kyrkjelydshuset.

Søndag er det gudsteneste og hausttakkefest i Sunnylven kyrkje. Etterpå blir det kyrkjekaffi og markering av 20-års jubileet for Sunnylven kyrkjelydshus.

Sunnylven bygdekvinnelag står for pyntinga i kyrkja til gudstenesta og hausttakkefesten søndag 2. oktober. Her er elevar frå 3. og 4. klasse og born frå Sunnylven barnehage med og ber med seg korger av årets frukt og grønnsaker. Også ungdomskoret Joyful deltek med song fortel sokneprest Stein Karstensen som held preika.

Etter gudstenesta er alle invitert til kyrkjekaffi på Sunnylven kyrkjelydshus. I år er det 20 år sidan huset vart teke i bruk og søndag blir jubileet markert.

Det er ikkje lagt opp til den store markeringa, men tidlegare sokneprest, no prost Svein Runde kjem for å vise ljosbilete frå bygginga og arrangement på kyrkjelydshuset frå det vart teke i bruk og framover, fortel Stein Karstensen. Det blir song av Joyful under jubileumsfesten, og kanskje får vi også høyre Elisabeth Runde synge til oss, seier han.

Stein Karstensen seier at det blir servering av jubileumskake og kaffi under samlinga, og det blir høve til å sjå det nye kjøkkenet på kyrkjelydshuset som snart er ferdig etter oppussing.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380