Husdyrgjødsel og skogrydding

I år kan det i Stranda kommune spreiast husdyrgjødsel fram til 1. oktober utan nedmolding. Også frist for søknad om tilskot til utsiktsrydding er forlenga.
Siste frist for spreiing av husdyrgjødsel utan nedmolding/nedfelling var 20. september. Dette har politiske organ i Stranda også vedteke, men trudde dei stemte for Sunnylven bondelag sitt forslag om siste frist 1. oktober.
Grunna desse misstydingane er spreiefristen i år bestemt til 1. oktober, står å lese på kommunen si heimeside. Frist for spreiing med nedmolding er 1. november.
Skogrydding
Også søknadsfristen for tilskot til skogrydding/utsiktsrydding er forlenga, frå 20. september til fredag 30. september. Ny dato for søknadsfrist er etter avtale med Fylkesmannen, heiter det på Stranda kommune si nettside.
Sjå: http://www.hellesylt.info/2016/09/rydding-av-utsikt-og-kulturlandskap/