Lokalnytt

Imponerande konsert av Nordstoga

Domorganist Kåre Nordstoga ved orgelet i Sunnylven kyrkje.
Domorganist Kåre Nordstoga ved orgelet i Sunnylven kyrkje.

Domorganist Kåre Nordstoga heldt konsert i Sunnylven kyrkje torsdag kveld. Ei stor musikkoppleving formidla av ein meister.

 Mange, rundt 70 unge og eldre møtte fram for å høyre ein av dei beste organistane i Norge halde konsert i Sunnylven kyrkje torsdag. Domorganist, professor og riddar av 1. klasse av St. Olavs orden, Kåre Nordstoga hadde Mozart, folketonar og Johan Sebastian Bach på notearka. Og det var ein meister som formidla barokkmusikk og klassiske perler på kyrkjeorgelet.

At orgelet i Sunnylven kyrkje hadde eit så stort mangfald av tonar var vel ukjent for dei fleste, men Nordstoga leita dei fram og viste at her var eit instrument bygdefolket kan vere stolte av. Konserten var ei musikalsk oppleving der vi let oss imponere stort og leitar etter superlativa for å beskrive det vi fekk høyre.

-Det var inspirerande å spele på, sa organisten om orgelet til hellesylt.info etter konserten. Og han var overraska og imponert over at bygda hadde ei så stor og flott kyrkje.

Kåre Nordstoga kom i bil direkte frå Oslo til Hellesylt torsdag. Ein lang, men flott tur over fjella, sa han. Turen til Sunnmøre var i utgangspunktet til Sykkylven, men då Gunnar Inge Eide ringde og spurde om konsert i Sunnylven kyrkje var svaret ja.

Det var ikkje fyrste gong domorganist Nordstoga var i Hellesylt. Tidlegare hadde han reist igjennom og med ferje til Geiranger, men besøket på mellom anna Peer Gynt galleriet var fyrste gong torsdag. Utruleg flotte treskurdarbeid, tykte han om Peer Gynt-relieffa .

Den timelange konserten fekk lang og velfortent applaus. Til slutt vart ei lita, men god gåve overrekt Kåre Nordstoga og som han kunne ta med heim frå Hellesylt, nemleg ei kasse med spekemat frå Ole Ringdal AS.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *