Kjell Løset kåsør på eldredagen

Styreleiar i Storfjordens Venner Kell Løset t.v., her saman med tidlegare styreleiar Asgeir Kvernberg på Åseneset for Storfjordstemnet 2015.

Styreleiar i Storfjordens Venner Kjell Løset t.v., her saman med tidlegare styreleiar Asgeir Kvernberg på Åseneset før Storfjordstemnet i 2015.

Laurdag 1. oktober inviterer Sunnylven pensjonistlag til feiring av Eldredagen 2016. Festlokalet er på Hægstad Gård, Hellesylt.

Det blir både kåseri, song, servering og tombola når Sunnylven pensjonistlag markerer Eldredagen for alle over 60 pluss på Hægstad Gård laurdag.

Under Eldredagmarkeringa freistar pensjonistlaget med fårikål, dessert og kaffi til servering. Og rundskriv som laget har sendt ut fortel om programinnslag med allsong, Bertine og Maria syng og spelar, og leiar i styret for Storfjordens Venner, Kjell Løset kåserer.

-Vi ynskjer kvar og ein varmt velkomne til ein hyggeleg dag i lag, skriv Sunnylven pensjonistlag til slutt i invitasjonen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380