Organist av toppklasse og nytrimma orgel.

 

Kåre Nordstoga

Kåre Nordstoga

Kåre Nordstoga, professor, domorganist, ein av dei finaste konsertorganistane i Noreg og dessutan nyslått Ridder av 1.klasse av St.Olavs orden kjem til Hellesylt og spelar konsert!

Tekst: Gunnar Inge Eide.

Det er ikkje mindre enn fantastisk! Han er som sagt ein av dei beste organistane i Noreg, kanskje den beste. Han har halde konsertar i mange av dei største kyrkjene og konsertsalane i Europa, har spelt med alle dei store norske orkestra – seinast i kveld torsdag med Stavanger symfoniorkester. Det er han som har stått for orgelmusikken til mange av dei viktige hendingane nyare tid; kong Olav si gravferd, kronprinsparet sitt bryllup, kongelege barnedåpar og kyrkjelege minnemarkeringar etter 22. juli for å nemne noko.

Han har spelt inn ei rekkje CD-ar, og er no i ferd med eit kjempeprosjekt, nemleg Bach sine samla orgelverk. For dette har han allereie blitt nominert til spellemannspris to gonger. Kåre er også svært interessert i norsk folkemusikk, og har samarbeidd mykje med m.a. Knut Buen.

Orgelet i Sunnylven kyrkje.

Orgelet i Sunnylven kyrkje.

Eit artig samantreff er at han rett etter besøket på Hellesylt skal reise rett til Skien for å arbeide i fleire veker ved Teater Ibsen med orgelmusikk til eit drama som dei fleste sunnylvingar kjenner godt til, nemleg «Brand. Slik blir det å spele i «den nye kirke ….. der elven rænder tæt forbi» ei perfekt opplading til dette prosjektet. Orgelet er også, for å verte verande hjå Ibsen «fuldfærdig og smykket» sidan vi nyleg hadde orgelbyggarar på besøk.

Slik sett skulle alt ligge til rette for ei flott konsertoppleving:

Organist av toppklasse og nytrimma orgel.

Vel møtt til konsert torsdag 22. september kl 20!

Helsing ein oppglødd organist,

Gunnar Inge

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info