Lokalnytt

Reiser garasjebygg til trakkemaskin

Til utfylling av tomt blir det i desse dagar køyrt til 500 kubikkmeter masse.
Til utfylling av tomt blir det i desse dagar køyrt til 500 kubikkmeter masse.

Sunnylven IL og Sunnylven skyttarlag byggjer ut Hyttehola fleirbruksanlegg. Tidlegare har hellesylt.info fortalt at ny emit/speakerbud er på plass, og no er alt klart for garasjebygg.

Planar og det formelle for garasje til trakkemaskina i Hyttehola er no i orden.

Sunnylven IL fekk si fyrste trakkemaskin i samband med ny lysløype i Hyttehola til vinteren 2002 /2003. Grunna mangel på garasje har maskina stått ute sommar som vinter, noko som ikkje har vore bra. No blir dette ei endring på, fortel Magne Brekke som er medlem i ei plannemnd saman med Lisbeth Lervik og Tarjei Korsbrekke.

Garasjebygget på 130 kvadratmeter blir reist ved parkeringsplassen. Til utfylling og planering av tomta blir det tilkøyrt 500 kubikkmeter med masse, gratismasse frå Svebakkfonna og elverensking på Tronstad. Det blir støypt ringmur på ein meter høg, og bygget blir reisverk i tre, opplyser Brekke. Idrettslaget håper å få tett tak på bygget før vinteren set inn.

Garasjebygget i Hyttehola fleirbruksanlegg bli nær inn til parkeringsplassen
Garasjebygget i Hyttehola fleirbruksanlegg bli nær inn til parkeringsplassen

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380