Rekordsesong ved Villa Norangdal

Hotelleigar Iris Fivelstad og kokk Francis Willoughby framfor Villa Norangdal som i desse dagar stenger for sesongen. Opning neste år blir rundt 1. mars.

Hotelleigar Iris Fivelstad og kokk Francis Willoughby framfor Villa Norangdal som stenger for sesongen tidleg i oktober. Opning neste år blir rundt 1. mars.

I 2017 kan Villa Norangdal feire 10-års jubileum. Og etter fleire gode sesongar er årets den aller beste.

Ved Villa Norangdal har besøkstala auka mykje i 2016. Det har blitt ein rekordsesong som starta med skituristar i mars og som varte fram til mai. Deretter kom det vanlige bilturistar og fjellfolk i eit større antall enn noko år tidlegare. Det gode belegget har vart heilt fram til vi stengjer no første helga i oktober. Det fortel eigar av Villa Norangdal, Iris Fivelstad. Ho er heime ein helgetur frå jobben ved Håkonsvern i Bergen der ho er tilsett som seksjonsleder ved KNM Tordenskjold, senter for maritim krigføring.

Også 2017 kan bli eit nytt, godt år for hotellet i Nibbedalen nær inn til Norangsdalen, for bestillingane strøymer på, kan Iris Fivelstad fortelje. Ho ser optimistisk på framtida så vi spør om ho kunne tenkje seg å utvide, kanskje kjøpe Grand Hotel på Hellesylt. Det hadde ho ikkje tenkt så mykje på då det ikkje var på sal heller som ho visste. Og om prisen var den same som antyda for nokre år tilbake var det heilt uaktuelt, slo ho fast.

Samarbeid

-Vi har samarbeid med fleire guideselskap, som Uteguiden på Stranda, Norgesguidane og Hvitserk, for å nemne nokre. Marknadsføringa av Hjørundfjorden Rundt, både sommar og vinter, er og noko som vi merkar godt. Og vi er medlemmer både i Destinasjon Geirangerfjord Trollstigen og i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, og har mykje reklame gjennom å vere synlege i sosiale media som Facebook og Instagram.

Frå alle verdensdeler

Gjestane på Villa Norangdal kjem frå heile verda, og ofte surrar det på mange språk sjølv om engelsk er det mest nytta.

– Vi har turistar som kjem som fjellfolk for å gå tur, og vi har vanlege turistar som er på sightseeing med bil. det kan vel vere om lag halvparten av kvar. Utanom nordmenn har vi i år hatt gjester frå Japan, Australia, Singapore, USA, Brasil, England, Tyskland, Island, Sverige, Israel, Argentina, Frankrike, Irland, Russland, Italia, Kina, Sveits, Danmark, Nederland, Spania, Hong Kong, Canada, ramsar Iris opp, og kanskje har ho gløymt eit land eller to også.

Ho veit ikkje kvifor turistnæringa på Nordvestlandet har hatt rekordsesong i år, men ei svak krone og urolege tilhøve i blant anna Tyrkia og terroråtaket i Cannes kan vere noko av grunnen.

Engelsk kokk

Villa Norangdal har naturopplevingar, hygge og god mat som sitt varemerke. I år har hotellet hatt ein profesjonell kokk heile sesongen. Francis Willoughby er engelsk, men har norsk mor og snakkar godt begge språk. Gjennom tidlegare tilsette kom kontakta med kokken som jobba på Parken Hotel i Ålesund i stand, og han sa ja til jobben ved Villa Norangdal. Han har lika seg godt, både jobben og naturen.

Jubileumsår

Neste år, i 2017, er det 10 år sidan hotellet stod restaurert og starta med overnatting i fem doble rom med eigne bad og eitt utan. Til saman er der tolv senger, men matsal og opphaldsrom har langt større kapasitet. Difor feirar mange både dåp, konfirmasjon og åremålsdagar her. Sjølv om hotellet stenger for sesongen har hotelleigaren døra på gløtt om nokon ønsker å leige seg inn med større og mindre selskap ut over hausten.

-Vi tykkjer vi er heldige som har fått anledning til å ta vare på eit slikt kulturminne som tross alt det eldste trehotellet i distriktet er, seier Iris Fivelstad

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380