Rydding av utsikt og kulturlandskap

I jordbruksoppgjeret 2015 vart avtalepartane samde om å etablere ei ordning for rydding av kulturlandskap, vegkantar og utsiktspunkt av særleg verdifull karakter sett frå landbruket og reiselivsnæringa si side.
Fleire områder i naturen held på å gro igjen av kratt og lauvskog. Årsakene er fleire, både mildare klima og ferre beitedyr. For å få fram vakre utkikkspunkt er det behov for rydding med motorsag og handemakt. Sist veke vart det halde eit møte på Sunnylven samfunnshus om utsiktsrydding og tilskotsordninga til dette. For 2016 er det sett av 20 millionar kroner til ordninga i dei tre fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Jordbruk og reiseliv
Om ordninga heiter det at drift og skjøtsel er ein føresetnad for å ta vare på dei positive miljøverdiane som er skapte gjennom jordbruksdrift i kombinasjon med naturgitte forhold over lang tid, men at attgroing vil svekke grunnlaget for blant anna reiselivet.
Dersom kontrastane og variasjonen i landskapet blir borte, i lag med spor etter folk og busetnad, blir også store deler av det turistane ser som det særeigne med det norske kulturlandskapet borte, og med det ein stor del av opplevinga.
Døme på ryddeområder
Døme der ordninga gjev tilskot for rydding er ferdselsårer, utsiktspunkt langs vegar, rasteplassar, turvegar/stiar, gjengrodd kulturlandskap, t.d. beitemark/slåttemark med utløer. Andre døme er strekningar der oppstamming og tynning kan gje auka utsikt, lange, rette strekningar eller lange, slake yttersvingar, og forlenging av strekningar der utsikt er rydda. I alle prosjekt må det skrivast avtale med rett grunneigar om rydding.
Statens vegvesen er grunneigar på riks- og fylkesvegar.
Kommunen er grunneigar på kommunale vegar
På private vegar, skogsbilvegar, turvegar m.m. er der private grunneigarar som må gje løyve til tiltaket.
Hastar med søknad
Det er Fylkesmannen som administrerer ordninga med utsiktsrydding. Områda som skal ryddast, må vere verdifulle sett frå både landbruket og frå reiselivsnæringa si side.
Søkjar må fylle ut søknad og lage kostnadsoverslag sjølv på eige skjema. Timepris for manuelt arbeid kan vere ca. 350.- kr/t. og noko meir for traktor/maskinarbeid. Søknadsfrist er 20. september, så her gjeld det å få ordna søknad og sendt til Næringsadelinga i Stranda kommune snarast. Der vert søknaden godkjent/anbefalt før den blir sendt til Fylkesmannen.
Tilskot
Det kan gjevast tilskot på inntil 70 % av godkjent kostnadsoverslag. Før tilskot blir utbetalt skal det leggast fram sluttrapport og rekneskap. Dersom prosjektet blir mindre kostnadskrevjande enn det som går fram av kostnadsoverslaget, vil tilskotet bli redusert tilsvarande.