Lokalnytt

Skulestruktur i Stranda opp på møte

sunnylven-skule1

Sunnylven skule er ein av tre skular i Stranda som politikarane vil drøfte framtida til. Ei nedlegging blir det nok rabalder av.

Måndag 12. september er det møte i helse, oppvekst og kulturutvalet i Stranda. Der skal framtida for tre skular i kommunen drøftast.

I formannskap 040/16 vart det gjort dette vedtaket; -Formannskapet ber administrasjonen starte arbeidet med ny skulestruktur.

Vedtaket vart fatta på møte 18. april der reparasjon av tak Sunnylven skule/samfunnshus var sak. Der føya formannskapet i lukka møte til eit punkt 2. om skulestruktur i vedtaket og som er sitert ovanfor.

Til møtet i helse, oppvekst og kulturutvalet måndag er det sett opp ein framdriftsplan for utgreiinga av skulstruktur for tre skular i Stranda kommune. Det gjeld Sunnylven skule, Liabygda skule og Geiranger skule.

For Sunnylven skule er lista opp fleire alternativ;

-Vere som i dag 1 – 10 skule

-Ungdomsskule på Stranda

-Storskulen (5. – 7.) og ungdomsskulen på Stranda

1 – 4 vert ikkje foreslått utgreia grunna omsyn til reisetid for elevane.

Saksgang

Fyrste behandling av denne saka som heilt sikkert vil skape engasjement i bygdelaga er på møte i helse, oppvekst og kulturutvalet måndag 12. september. Vidare saksgang for utgreiing av skulstruktur er i følgje sakspapira slik;

1.Styringsgruppe: Formannskapet (alternativ HOK)

2.Arbeidsgrupper oppnemt av rådmann i Bygdelaga Hellesylt (Sunnylven), Liabygda og Geiranger leia av rektor ved kvar skule.

a)Ferdig med sitt arbeid i desember 2016.

3.Møte i bygdelaga Hellesylt (Sunnylven), Liabygda og Geiranger – oktober / november 2016

4.Høyringsdokument vert utarbeidd og lagt til høyring – januar 2017

5.Sak for politisk handsaming mars 2017.

I sakspapira er det også lista opp kva arbeidsgruppa skal sjå på og legge fram.

Til slutt heiter det i sakspapira til møtet;

-Skulestruktur er arbeid som er omfattande. Det har stor inngripen på kvardagen til mange. Debatten må vere brei og utgreiingsarbeidet må gjerast grundig og frå fleire synsvinklar. Det viktigaste er elevane sitt læringsmiljø og det bør ligge til grunn i arbeidet som vert gjort.

Rådmannen ønskjer å få innspel frå politikarane på kva alternativ som skal utgreiast og kva arbeidsgruppene skal vurdere-.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *